Velkommen til bloggen vår – her skal vi dela litt meir av kvardagen på Fossane gard. Vi tenker å lage eit innlegg på slutten av kvar månad.
Me kjem til å skriva om det som rører seg på garden: om utleigehusa våre og livet i dei gamle tømmerhusa, om dyra som bur her, om årstidene som skiftar rundt oss, om turar, aktivitetar og små og store prosjekt, og om dei enkle augeblikka her på garden.
Det blir små forteljingar frå ein levande gard.
Me håpar du har lyst til å følgja med vidare, anten du er ein tidlegare gjest, vurderer eit opphald hos oss, eller berre er nysgjerrig på livet på ein gard i Ryfylke.