Hopp til innholdet
Hjem » Sesongskifte på Fossane gard

Sesongskifte på Fossane gard

Sesongen sklir sakte over frå sommar til haust, og vi merkar det godt i besøket.
Etter ein herleg sommar full av liv og røre, er det som om garden tek eit lite pust – og gjer seg klar for ei ny tid.

Sommar med gjester frå heile Europa

Sesongen sklir over frå sommar til haust. Det ser vi også i besøket. Det har vore ein herleg sommar – fult av liv og røre med nydelige folk frå heile Europa. Mange gjester frå nord Europa har kome og gått. Nokon reiste, og same dagen kunne nye gjester ankomme. Vi er glad for at så mange gjester valgte å bli her litt lengre.  Det er ekstra kjekt når gjester verkeleg utforskar kvar einaste krok her, og tek seg tid til å virkelig være til stedet .

Den gode roen

Det finaste er kanskje at dei fleste verkar litt triste når dei skal reise. Dei har funne roen her, og det er alltid godt å sjå at Fossane betyr noko for dei som kjem hit.

Hausten kjem med nye gjester

No glir vi inn i ei ny tid. Dei utanlandske gjestene er snart ferdige for sesongen, og vi gler oss til å ta imot fleire kortreiste gjester. Nordmenn som kjem frå regionen for å komme seg litt vekk. Være litt nermare natur og frisk luft. 

sau, haust, samling

Gardsbutikken – ein fulltreffar

I vår opna vi døra til den vesle gardsbutikken, og det har vist seg å vere eit godt grep. No er alt samla på eitt stad, lett tilgjengeleg og sjølvbetent.

Egg, kjøtt, skinn, garn, syltetøy og andre små skattar frå garden har vore populære. Vi vart faktisk heilt utselde for både skinn og kjøtt – men nye skinn er bestilt, og meir kjøtt kjem snart inn.

Haustkveldar i vente

Nå blir nettene litt kaldare, og det blir litt meir preg av haust der ute. Vi gler oss til klare haustkveldar, god stjernehimmel og kjekke gjester framover.
Kjenn deg velkommen!

Takk for at du las med.
Me deler nye tankar og små glimt frå Fossane gard igjen mot slutten av neste månad.

— Janneke/ Fossane gard

Les meir om utleigehusa våre her → https://fossane.no/overnatting/
Følg oss gjerne på Instagram og Facebook