Hopp til innholdet

Vinter på Fossane gard

Vinteren gir ei heilt anna stemning enn sommaren – rolegare, stillare og ofte magisk. Det er fint å gå tur heile året, og vinterlandskapet gir nye opplevingar: dyrespor i snøen, klar stjernehimmel og frisk fjelluft.

Vinterturar

Du kan gå alt slags turar. Både korte og lange rundt garden, eller i området. Du kan f.e. ta ein tur til stølen vår Subbeli, Skomakarnibbå eller Ritlandskrateret. 
UT.no har gode turbeskrivingar og kart. Last gjerne ned UT‑appen – eit nyttig verktøy for å sjå kvar du er.

Aktivitetar etter vær og føre
Vinteren varierer frå år til år, og aktivitetane endrar seg med snø og is:
  • Skøyter – når vatna frys godt
  • Aking – mange skråningar rundt husa
  • Langrenn – både rundt garden og i oppkøyrde løyper
  • Truger – fungerer alltid, uansett snømengde
  • Brodder – gir godt feste på is og hard snø

Langrenn
Du kan ta ein roleg tur med ski rundt garden, eller køyre til Bjødnabu (ca. 15 min). Der finn du ein fin bålplass og gapahuk ved vatnet og kanskje oppkøyrde løyper om der er nok snø.

Aking
Ta med akebrett og finn ei snøkledd skråning – det er mange moglegheiter rett rundt huset.

Utstyr til leige

Truger
Vi leiger ut truger som gir deg uendelege moglegheiter til å utforske det eventyrlege snølandskapet. Med truger kjem du deg fram i både djupsnø og kupert terreng – ei trygg og roleg måte å oppleve vinteren på Fossane.

Brodder
Vi leiger ut brodder som gjer det enkelt å gå på isglatte vegar. Med brodder får du godt feste, og kan trygt ta turen til både Subbeli og Ritlandskrateret – sjølv når det er isete på stien.