Velkommen til Fossane gard!
På Fossane gard tilbyr vi overnatting og gardsferie midt i den fantastiske Ryfylke naturen i autentiske og sjarmfulle gardshus.
Her er det godt å koble av, du kommer nærmare naturen og deg sjølv.
Garden Fossane ligger idyllisk til i eit naturskjønt området på 200 m høyde. Vi har tre unike utleiehytter: autentiske hus som er 100 år gamle med originale tømmervegger og den gamle atmosfæren. Alle hyttene har dusj og toalett og fult utstyrt kjøkken. Fleire av møbla er like gamle som hyttene. Her går sjarm og komfort hand i hand.
I huset ditt finner du roen og får du koble av. Husene er møblert i den opprinnelige gamle stilen, det er som om du kjem på besøk hos bestemor. Du trør tilbake i tid og du er tett på naturen. Slik er det lett å senka skuldrene.
Omgitt av fantastisk natur og eit unikt kupert landskap med bratte fjell, ville elver, klare vatn og djupe fjorder er Fossane gard ein fantastiske plass å vær.
DYR
På garden har vi fleire dyr. I hovudsak driver vi med sau, ca 20 vinterfora sauer. I tillegg har vi nokre høner.
AKTIVITET
Der er gode tur- og fiskemuligheter. Turen til stølen vår Subbeli og ein kanotur på Giskelivatnet er populære aktivitetar. I elva Tøtlandsåno er der mange gode bademuligheter, det er litt som eit utendørs badeland i elva.
Området har også mykje å by på: Skomakernibbå, Ritlandskrateret, Trodla Tysdal, Nasjonal Turistvei Ryfylke Rv13, Eventyrskogen og Preikestolen er nokre eksempel.
Vi drikker vatn frå eige oppkomme. Straumen vi brukar er frå vårt vatnkraftverk og våre solcellepaneler, og vi fyrer med ved som vi har hogget i eigen skog. Nærmare naturen kjem du deg ikkje!
Er det nok snø om vinteren finner du oppkjørte løyper på Bjødnabu, Gullingen og Lyseheia. Men du kan også ake på åkeren utforbi huset, eller gå ein tur i det vakre vinterlandskapet. Vi har nå skaffet oss truger og stegjern som hjelper deg til å bevege deg lett i snøen.
Fossane gard ligg i Vormedalen, ca 20 min frå Hjelmeland og 1,5 time frå Stavanger.
Vi håper at du vil bruka nokre dager hos oss, slik at du kan finna roen og at du kan få oppleve alt vi har å by på.
Me, Janneke og Martijn, ønsker dykk velkommen til Fossane!