Mai på Fossane gard – besøk, samarbeid og liv på garden
Mai har vore ein innhaldsrik månad på Fossane gard.
Lamminga er no over, og den siste sauen lét oss vente heilt til 15. mai før ho endeleg fekk lammet sitt. Totalt har det blitt mange fine lam, og det er alltid godt når både dyr og folk kjem seg gjennom denne travle perioden.
I mai fekk vi besøk av Anika gjennom WWOOF (ei ordning der folk kjem til gardar for å lære om landbruk, kultur og kvardagsliv, samtidig som dei hjelper til med arbeidet).
Anika blei raskt ein del av kvardagen her. Ho var med på å flytte sauer, flaske kopplam, hakke tistlar og mange andre oppgåver. Når det er mykje som skal gjerast på same tid, betyr to ekstra hender meir enn ein kanskje skulle tru.
Det er også kjekt å få sjå garden gjennom augene til nokon som kjem utanfrå. Ein blir minna på at det som er kvardag for oss, kan vere noko heilt nytt for andre.
Denne månaden fekk vi besøk frå ei gruppe som kom til Fossane gard for ei opplevingshelg. Vi sette saman eit program med sider-smaking, bedriftsbesøk, gatevandring i Hjelmelandsvågen og tur med Ryfylkebussen.
Det blei to innhaldsrike dagar med mange gode opplevingar og mykje latter. For oss var det òg kjekt å få vise fram litt av alt det flotte som finst i Hjelmeland og Ryfylke. Tilbakemeldingane frå gruppa var svært gode, og det gav meirsmak.
Har du ein venegjeng, storfamilie, foreining eller arbeidsplass som ønskjer ei samling litt utanom det vanlege, er det berre å ta kontakt. Vi hjelper gjerne til med å setje saman eit opplegg som passar dykk.
No går vi inn i sommaren. Det er fleire og fleire gjestar som kommer. Mange frå Stavanger område men også folk frå utlandet. De har til felles at de er litt lei for å reise herifrå igjen. Vi er glad for kvar gjest som velger Fossane gard for eit opphold.
Takk for at du las med.
Me deler nye tankar og små glimt frå Fossane gard igjen mot slutten av neste månad.
— Janneke/ Fossane gard
Les meir om utleigehusa våre her → https://fossane.no/overnatting/
Følg oss gjerne på Instagram og Facebook