Hopp til innholdet

Aktivitetar

På Fossane er det rom til det meste. Om du vil ha ein rolig ferie, eller om du ønskjer deg litt meir aktivitet. Same kva dine interesser er, vil du finna noko du kan trivast med på Fossane. Du kan slappa av i sofaen med ei god bok, men du har òg moglegheitene til å nytta andre aktivitetstilbod på garden eller i område.

På garden er det mykje å finne på heile året. Mulighetene og aktivitetene er litt avhengige av kva årstid du kjem til Fossane. Du kan fiska i elva, vatn eller sjø, der er god plass til å bada, du kan grilla, ta ein båttur, eller du kan gå ein av dei mange turane. Kanskje du kan vera med og hjelpa til på garden?

Om vinteren kan du gå på ski og akebrett rett utanfor døra, eller du kan gå på lengre turar i terrenget. Du kan og laga snølykt eller snømann og kose deg med alt vinterstid bringer med seg..

Uansett årstid kan ein ta ein tur til stølen vår Subbeliå.

Der er og mange tilbud du kan benytte deg av og bli kjent med i område rund oss. Hovudattraksjonane er vel Skomakernibbå, Ritlandskrateret, Eventyrskogen og mykje meir. Det er lett å ta ein tur til Stavanger eller, Preikestolen. Vi kan hjelpe deg og informera deg om alle dei mulighetene, litt etter det du vil.

Her finn du eit interaktivt kart frå Hjelmeland kommune.

Under har vi oppsummert litt av dei mulighetene som fins her på Fossane og i område rund oss. Klikk deg inn og sjå kva du kan gjera. Har du spørsmål tar du gjerne kontakt med oss. Vi hjelper deg gjerne.

20200530_161029
BADING
2020-05-11 kano
BÅT
ritlandskrateret
TUR
20201018_153422
FISKE
IMG_20211203_105307817
VNTER
GARDEN
GARD
Translate »