Fiske

Er du glad i å fiske? På Fossane kan du fiske i vatn, elv og fjord. Vi har alt i nærheten.

Det ligg i navnet til garden Fossane: her er det mange fossar, elver og vatn. Elva Vorma renn tett ved huset vårt og bind saman mange vatn i alle størrelser, frå dei minste hølane til vatn som er eit par kilometer lange. Me bur berre 4 km frå ein djup fjord, Jøsenfjorden. Me har båt og kano på vatnet og i sjøen.

Ferskt vann

Du kan vera sikker på å finna aure i alle desse vatna, frå dei minste på rundt hundre gram og opp til eit kvart kilo. Kanskje du får og røye og ål. Er du gjest på garden vår, kan du fiska gratis på vår eigedom i elva, innanfor eit visst område. Elles kjøper du fiskekort for store områder i nærleiken på Inatur

Laks

Det er også mulig å fiska etter laks. Ein kort gåtur frå garden er det den rike lakseelva Vorma med ein årleg «haust» på over 1000 kilo laks. Ein finn òg sjøaure i elva, men den er freda. Les meir om korleis du får deg fiskekort: på  Elveguiden eller på Tytlandsvik. Laksesesongen startar 15. juni og er open ut august. Med dagskort og med litt flaks, kjem du heim med ein laks på fleire kilo i bagasjen. I nærleiken finn ein òg kjende lakseelver som Årdalselva (30 minutt køyring), Hålandselva og Suldalslågen (ca 1 time køyring).

Sjø

Fossane gard er berre 4 km frå den djupe fjorden, Jøsenfjorden. Her er det gratis å fiska sjøfisk. 

Sjå her for meir informasjon om fiske i heile kommunen.