Velkomen til Fossane Gard – ein liten fjellgard der natur, ro og ekte gardsliv møtast.
Her bur du tett på fossar, fjell og historie, i hus med sjel og varme.
Om Fossane gard
Våre utleigehus
Folgå
Jonsenhuset
Bjødlandsfolgå
Livet på garden
På Fossane lever me tett på naturen – her går dagane i takt med årstidene og dyra. Kanskje du kan vere med på dyrestell.
Vatnet kjem frå eigne kjelder, straumen frå vårt eige kraftverk, og veden frå vår eigen skog.
Sauene våre beitar fritt i både innmark og utmark, og gir oss både ull og kjøt mens de holder kulturlandskapet vedlike.
I vår lille gardsbutikk finn du produkt frå garden – saueskinn, kjøt, garn, egg og andre små skattar frå Fossane.
Aktivitetar
På Fossane kan du velje mellom mange opplevingar – frå rolege turar i skog og mark til meir krevjande fjellturar. Du kan padle kano på Giskelivatnet, bade i Tøtlandsåno eller utforske dei mange stiane rundt garden.
Med elsykkel kan du sykle gjennom dalen, opp bakkane og langs dei stille vegane – du får med deg fossar, elvar, vatn og skog utan å bli sliten.
I området finn du turar til Skomakarnibbå, Ritlandskrateret, Troda Tysdal, Nasjonal Turistveg Ryfylke Rv13, Eventyrskogen og Preikestolen.
Her kan du finne på aktivitetar for både store og små, og du kan kombinere natur, lokal mat og ekte gardsliv gjennom heile året.
Helårsturisme
Me er ei helårsturismebedrift og ønskjer deg velkomen uansett sesong. Om vinteren kan du nyte oppkøyrde løyper eller ake på åkeren rett utanfor huset. Hele året byr Fossane på klare kveldar, stjernehimmel, fuglesong, grøne lier og fossar som endrar seg med årstidene. Her er det like fint å kome i rolege periodar som i høgsesongen – naturen står alltid klar, og me gler oss til å ta imot deg.
Velkomen til Fossane Gard – her ventar ro, natur og ekte gardsliv.










