Hopp til innholdet

Folgå

Folgå er det eldste huset på Fossane, bygd på 1800‑talet i to etappar. Den høgre delen er den eldste, og då familien trengte meir plass, bygde dei på ei ekstra stove og eit soverom. I dag står huset som eit varmt og levande minne frå tida då alt blei gjort for hand – med tømmervegger som framleis ber spor av historia.

Galleri

Om Folgå

Folgå passar fint for par, barnefamilier og små vennegrupper. For to personar er huset perfekt – då bur du i 1. etasje og har alt på eitt plan, medan større grupper tek i bruk 2. etasje også.
1. etasje: Stova, kjøkken, soverom med dobbeltseng, bad med toalett og dusj, vedskur.
2. etasje: Soverom med dobbeltseng, soverom med to enkeltsenger.

Fasiliteter

Kjøkkenet er fullt utstyrt med kaffitrakter, vannkoker, komfyr, steikeovn, kjøleskap, frys og komplett servise. Badet har dusj, toalett, vask og vaskemaskin. Huset har elektriske ovner, vedomn og gulvvarme på badet.

Praktisk

– Dyner og puter i alle sengar.
– Utemøbler står ute om sommaren og blir tatt inn om vinteren.
– Det står ei bålpanne ute som du kan bruke til kos og matlaging.

Pris og bestilling

Prisane kan variere litt etter sesong. Du finn oppdaterte prisar og kan bestille opphald via Houfy

Folgå

Velkomen til Folgå – eit varmt og levande hus med historie i veggane.
Me gler oss til å ønskje deg velkomen til Fossane Gard.