Bjødlandsfolgå

Bjødlandsfolgå vart flytta frå Bjelland garden til Fossane i 1996. Husa blei restaurert og tatt i bruk for gardsturisme. Tømmerveggane er rundt hundre år gamle. Dette huset var folgehuset på garden Bjelland. Faren til Kari Sørensen, som dreiv Fossane til 2020, Bjarne Sørensen kom frå Bjelland. Huset blei flytta i 1996. Det blei plassert på gamle tufter frå eit våningshus på Fossane og er grundig restaurert etter det.

Bjødlandsfolgå har to etasjer. 

På første etasje er det gang, bad med dusj og toalett, kjøkken, stova og trapp opp.
På andre etasje er det to soverom. Det ene romet har doppeltseng og enkeltseng (til barn), og sprinkelseng. Det andre romet har to enkeltsenger.

Bjødlandsfolgå er utstyrt med fullt utstyrt kjøkken, kjøleskap og fryser, kaffitrakter, komfyr med ovn, vedovn, varmeovn på elektrisitet, vaskemaskin.

 

IMG_5373
utleigehus
utleigehus
1Z7A5155 reduced
1Z7A5149 reduced
1Z7A5145 reduced