Hopp til innholdet

Kraftverk

Den 15. januar 2001 selde Fossane Minikraftverk sin første kilowattime til kundane sine. Etter fleire år med planlegging og eit halvt år med byggjing stod det nye kraftverket på Fossane klar til bruk i gamle lokaler.

Les heile artikkelen i Stavanger Aftenblad.

WhatsApp-Image-2020-05-10-at-12.10.40

Det er ikkje ein ny idé å vinna straum ut av vassfalla på denne garden. I åra 1950-75 vart det drive eit kraftverk i same lokalet. Det var Vormedalen Elektrisitetsverk som leverte straum til halve bygda på eige straumnett. Far til Kari Sørensen var tilsynsmann ved dette kraftverket.

I dag er der tre generatorar som produserer straum. Straumen som ikkje blir brukt på garden blir sendt ut på Lyse sitt straumnett, og solgt vidare. Der er to asynkrone generatorar med ein samla effekt på ca 140 kW og ein liten synkron generator med ein effekt på ca18 kW. Tilsaman produserer vi maksimalt 1,2 GWt (1,2 millionar kWh) per år. I praksis er gjennomsnittet ca 1 GWt årlig. På denne måte bidrar vi med fornybar straum til ca 40 hushaldningar.

Tøtlandsåna, som er ein del av Vormo-vassdraget, er eit verna vassdrag, og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sette vilkår for utbygginga. Til ei kvar tid kan vi ikkje bruka meir enn 15% av normalvassføringa som er 4200 l/s, og vi er pålagt til å alltid ha ei minstevassføring på 500 l/s. Slik tar vi vare på mangfaldet i og rund Vorma vassdraget.

2020-05-11 kraftverk
kraftverket
kraftverket
nye og gamle turbiner, alt er der
kraftverk
kraftverket i vinterlandskap
Dammen i Giskelivatnet til kraftverket
dammen

Her ein filmsnutt om kraftverket på Fossane gard.

Vil du bli med inn i kraftverket? 

Ta kontakt med oss så kan Martijn ta deg med på ein historiske guiding der han snakker om vasskraft og bærekraft.

 

Translate »