Den 15. januar 2001 selde Fossane Minikraftverk sin første kilowattime til kundane sine. Etter fleire år med planlegging og eit halvt år med byggjing stod det nye kraftverket på Fossane klar til bruk i gamle lokaler.
Det er ikkje ein ny idé å vinna straum ut av vassfalla på denne garden. I åra 1950-75 vart det drive eit kraftverk i same lokalet. Det var Vormedalen Elektrisitetsverk som leverte straum til halve bygda på eige straumnett. Far til Kari Sørensen var tilsynsmann ved dette kraftverket.
I dag er der tre generatorar som produserer straum. Straumen som ikkje blir brukt på garden blir sendt ut på Lyse sitt straumnett, og solgt vidare. Der er to asynkrone generatorar med ein samla effekt på ca 140 kW og ein liten synkron generator med ein effekt på ca18 kW. Tilsaman produserer vi maksimalt 1,2 GWt (1,2 millionar kWh) per år. I praksis er gjennomsnittet ca 1 GWt årlig. På denne måte bidrar vi med fornybar straum til ca 40 hushaldningar.
Tøtlandsåna, som er ein del av Vormo-vassdraget, er eit verna vassdrag, og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sette vilkår for utbygginga. Til ei kvar tid kan vi ikkje bruka meir enn 15% av normalvassføringa som er 4200 l/s, og vi er pålagt til å alltid ha ei minstevassføring på 500 l/s. Slik tar vi vare på mangfaldet i og rund Vorma vassdraget.
Her ein filmsnutt om kraftverket på Fossane gard.
Vil du bli med inn i kraftverket?
Ta kontakt med oss så kan Martijn ta deg med på ein historiske guiding der han snakker om vasskraft og bærekraft.
We use cookies to improve your experience on our site. By using our site, you consent to cookies.
Manage your cookie preferences below:
Essential cookies enable basic functions and are necessary for the proper function of the website.
Google reCAPTCHA helps protect websites from spam and abuse by verifying user interactions through challenges.
Statistics cookies collect information anonymously. This information helps us understand how visitors use our website.
Google Analytics is a powerful tool that tracks and analyzes website traffic for informed marketing decisions.
Service URL: policies.google.com
You can find more information in our Cookie Policy.