Garden
Garden Fossane har gardsnummer 39, bruksnummer 6, 9 og 12. Garden vert lenge driven av Kari og Sven Egil Sørensen.
Her er det dyrka mark, beite- og skogsareal i tillegg til fellesareal i Vormedalsheiane.
Inntil 2000 var det melkeproduksjon på Fossane, og i 2001 blei det gamle bygdekraftverket starta opp igjen.
Alt i 90-tallet begynte Kari og Sven Egil å satsa på gardsturismen.
Per idag er det ca 20 vinterfora sauer på garden. Frå juni til september/oktober er mange av sauene på heiabeite, men nokre er som regel heime på garden òg.
Om hausten legger vi ut på sauesankinga, og våren er ein spennande tid med lemminga rundt april/mai. Om sommaren går vi med sauene opp til fjells, kanskje du vil vera med oss? Nokre av lamma blir værande på garden.
NÅ kan du også kjøpe lammakjøtt direkte hos oss.