Hopp til innholdet
Hjem » Aktivitetar » Turgåing

Turgåing

Naturen gir oss eit vakkert og variert landskap det flott å gå på tur i. Fjella dominerer horisonten, men det betyr ikkje nødvendigvis at alle turane er slitsomme. Ein kan velgja å følgja grusvegen eller ein kort sti i skogen. Vil du likevel ha ei utfordring, er fjella der for alle, klar til å utforskast.

Den berømte fjellformasjonen Preikestolen blir besøkt av tusenvis av turistar frå heile verda. Utgangspunktet for gåturen til Preikestolen ligg ein times køyretur frå garden. Turen til Preikestolen derifrå tek omlag to timar kvar veg.

Ein annan like spanande er turen til Skomakernibbå, som er vårt lokale svar på Preikestolen. Nyt utsikta til heile Ryfylke-bassenget og til Jøsenfjorden 700 meter under deg langs turen. Denne turen eignar seg ikkje for små barn! Kombiner turen til Skomakernibbå med eit besøk hos Galleri Hagalid.

Ritlandskrateret er eit  nærliggende turmål og byr på en unik naturopplevelse. I og rundt krateret kan man lese om 500 millioner år med geologisk historie fra når en meteor slo ned i Hjelmelandsheiene i Ryfylke. Dessuten finnes spor av nedslaget, fossilbærende bergarter og sjeldne fjellplanter, bl.a. i Øyastølmyra naturreservat. Det skal litt fantasi til for å se kraterformen i terrenget, men selv om du ikke er geolog, er dette et nydelig turområde.

Spør oss gjerne om turforslag. Me har erfaring i fjella, og me finn nok noko som kan passa for alle. Me kan òg låna ut kart.

Meir informasjon om turmuligheter i Hjelmeland kommune finn du her

Frå Hjelmeland sentrum kan du dra på fleire turer: sjå på kartet.

På tur fra Hjelmelandsvågen

Translate »