Hopp til innholdet
Hjem » April på Fossane gard – ei tid for kontrastar og gode opplevingar

April på Fossane gard – ei tid for kontrastar og gode opplevingar

April er ein månad der ingenting er heilt føreseieleg – verken vêret, dyrelivet eller dagane på garden. Kanskje er det nettopp det som gjer denne tida så spesiell å oppleve hos oss.

lamm og sau

I påska hadde vi gleda av å ønskje mange gjester velkomne til gards. Tunet fyllest med liv, og for dei som ønskjer det, er det mogleg å vere med i kvardagen vår. Nokre blir med i fjøset og hjelper til med stellet av sauene – ei oppleving som både store og små set stor pris på. For barna blir møtet med dyra ofte eit høgdepunkt, og det er ikkje sjeldan at avskjeden blir litt vemodig.

Vêret i april er skiftande. Påska baud på ruskevêr, men mange opplever at det gir rom for rolege morgonar, lange frukostar og tid til å senke tempoet. Etter påske har sola kome fram, og garden har vist seg frå ei lysare side.

April er også tida for lemming. Frå midten av månaden kjem det nytt liv i fjøset kvar dag. Det er travelt, men heilt spesielt. Kvart lam som blir fødd, er eit lite under, og det å få vere tett på denne tida gjer inntrykk.

lamm

I år har eg hatt god hjelp frå mi spreke mor. Vi har brukt litt tid til å gjer klar eit rom i fjoset til gardsutsalet. Med mye gjenbruk blei det til eit flott rom der vi har samla det vi har å tilby av garden ressursar: egg,  saueskinn, sauekjøtt og garn blant anna. Vi håpar at våre gjester (og sjølvsagt alle som er interessert) finner veien hitt.

No nærmar vi oss slutten på lemminga, og snart skal alle sauer ut på beite. Då går vi inn i ei annen tid igjen, og gler vi oss til nye opplevingar.

Velkomen til Fossane gard – for ro, naturopplevingar og ekte gardsliv. 🌾

Takk for at du las med.
Me deler nye tankar og små glimt frå Fossane gard igjen mot slutten av neste månad.

— Janneke/ Fossane gard

Les meir om utleigehusa våre her → https://fossane.no/overnatting/
Følg oss gjerne på Instagram og Facebook