Hopp til innholdet
Hjem » Juli på Fossane gard – ei natt på Subbeli

Juli på Fossane gard – ei natt på Subbeli

Subbeli

Fossane gard har eigen støl oppe i heia – Subbeli. Før i tida blei kyrne sende hit om sommaren, og budeia budde på stølen. Den gamle stølen forfall etter kvart, men i 2010 blei han bygd opp att. I dag er Subbeli ein enkel og triveleg stad for overnatting eller ein dagstur frå garden.

Hundabærdalen
På vei til Subbeli

Turen opp er ein oppleving i seg sjølv. Stien følgjer eit mektig fossefall oppover dalen. Etter kvart opnar landskapet seg, og stølen ligg plutselig der mellom vatn, bekkar og fjell.

Denne gangen tok vi turen opp for å overnatte. Vi plukka blåbær, henta vatn frå bekken og kokte både middag og te på det friske fjellvatnet. Om kvelden tende vi bål, spelte kort ved stearinlys og sat ute og lytta til lyden av bekken – og sauebjøllene som klang i det fjerne.

Det er noko heilt eige med slike kveldar, uten strøm og inlagt vann. Bare vi og naturen.

Neste morgon tok vi ein liten omveg på vegen heim og gjekk opp til Urddalsknuten. Frå toppen (502 m) er det fantastisk utstikt over heile Vormedalen og mye meir. Mest natur, skog, fjell og nokre hus.

Urddalsknuten
Fantastisk utsikt på toppen av Urddalsknuten
Urddalsknuten
Fossa på Urddalsknuten

Subbeli minner oss om kor enkelt eit godt døgn kan vere. Litt ved til bålet, ein kopp te, gode sko og naturen rundt oss. Av og til er det eigentleg ikkje meir som skal til.

Takk for at du las med.
Me deler nye tankar og små glimt frå Fossane gard igjen mot slutten av neste månad.

— Janneke/ Fossane gard

Les meir om utleigehusa våre her → https://fossane.no/overnatting/
Følg oss gjerne på Instagram og Facebook