Hopp til innholdet
Hjem » Mars på Fossane gard – vår i lufta og liv på tunet

Mars på Fossane gard – vår i lufta og liv på tunet

review
tilbakemelding frå gjestene
Detaljer
ringer til forskjellige gryter på vedovnen
detaljer frå eit kjøkkenskap

Mars har vist seg frå forskjellige sider på Fossane gard. Det har vært vår og skikkelig vinter. Det er noko som vaknar – både i naturen og hos folk. Dagane blir lengre, lyset kjem tilbake, og vi merkar det også på besøket. Det er rett og slett kjekt å sjå at fleire finn vegen hit igjen.

Bookingar tikker inn, og folk frå nærområdet tek turen for ei roleg kortreist helg. Det set vi stor pris på. Det er noko eige med å få liv i husa igjen.

 

romertall på veggene
romertall på veggene

I utleigehusa har ein det ein treng – godt med varme frå ovnen og vedovnen, vatn rett frå springen, gode senger, fullt utstyrt kjøkken slik at du kan styre deg sjølv. Og fine rom til å slappe av. Kvart hus har sine små detaljar som fortel litt historie. På veggene kan ein til dømes sjå romartal som viser at husa ein gong har blitt flytta. Små spor frå tidlegare liv.

I eitt av husa er det også eit lite hol i golvet på soverommet. Det er ikkje der utan grunn – det slepp varmen opp frå stova under. Ein enkel og praktisk løysing, som fungerer godt, og som seier litt om korleis ein tenkte før.

Mons, pus
trapp
bratt trapp
Bjødlandsfolgå
vedstabel
vedstabel

Det som folk setter mest pris på  her er at det er fint og roleg her. At det er godt å kome seg litt vekk, senke tempoet og berre vere. Nokon tek seg ein tur ut, andre sit inne med ein kopp kaffi og ser ut på landskapet. Begge delar er like riktig.

No går vi mot påske, og det blir fullt hus igjen. Det er kjekt. Samtidig vil vi minne om at vi tek imot gjester året rundt. Alle årstider har sin sjarm syns vi.

vegpynt
Jonsenhuset
fullt utstyrt kjøkken i alle hus
kjøkkenskap

Takk for at du las med.
Me deler nye tankar og små glimt frå Fossane gard igjen mot slutten av neste månad.

— Janneke/ Fossane gard

Les meir om utleigehusa våre her → https://fossane.no/overnatting/
Følg oss gjerne på Instagram og Facebook