Kva er eigentleg ein god ferie?
I juni fekk vi besøk av eit ungt par frå Nederland som budde hos oss i tre veker for å bli kjent med Noreg. Dei kom med tog, buss, fly og ferje – og valde å vere utan bil heile opphaldet.
Det fekk meg til å tenkje. Mange spør om dei må ha bil når dei kjem til Fossane gard. Svaret er eigentleg at det kjem an på kva slags ferie ein ønskjer.
Dei brukte dagane på ein annan måte enn mange gjer. Dei gjekk turar i nærområdet, tok våre elsyklar og lokalbussen, og hadde god tid. Dei tok utfordringa med å fyre bål, og blei reine ekspertar etter kvart. Dei vart også med då vi samla sauene, og ein dag blei dei med opp til Subbeli, stølen vår. Slik blir tilfeldigheter til opplevingar. Dei står ikkje nødvendigvis i nokon guidebok, men det er ofte dei ein hugsar best.
Då dei reiste, skreiv dei ei lang helsing i hytteboka. Dei takka for gjestfridomen, naturen og alle opplevingane dei hadde hatt her. Men det var éi setning som fekk meg til å smile:
«Neste gong kjem vi med bil.»
Etter tre veker hadde dei lyst til å oppdaga endå meir i område.
Det er altid det finaste å høyre når gjestene vår reiser – at dei ønskjer å kome tilbake.
Det er kanskje det aller finaste ein kan høyre som vertskap.
Takk for at du las med.
Me deler nye tankar og små glimt frå Fossane gard igjen mot slutten av neste månad.
— Janneke/ Fossane gard
Les meir om utleigehusa våre her → https://fossane.no/overnatting/
Følg oss gjerne på Instagram og Facebook



