Januar – vinterro på Fossane gard

Me fekk ein fantastisk start på 2026. Heile familien var samla – begge døtrene våre og barnebarna. For ein rikdom. Det gjer godt å starte året slik 🙏.

Vinteren hos oss kan vere litt av og på. Nokre år er han mild, andre kald. I år er det skikkeleg vintervær.

Bjødlandsfolgå under stjernehimmel

Januar starta med kulde som beit seg inn i både bygningar og fjøs. Frosne rør og ein traktor som ikkje heilt ville vere med, gav litt ekstra arbeid. Slik er det på gard – ein tek dagane som dei kjem og løyser problema etter kvart. Dei kjem ofte i bølgjer, men det meste ordnar seg til slutt.

Det var nesten godt då gradestokken kraup litt opp att, så alt fekk tine litt. Men vinteren sleppte ikkje taket, og no er me midt i ei ny kuldebølgje.

Vêret er nydeleg, sjølv om eg må innrømme at eg saknar snøen når den ikkje er der. Når vinteren først kjem med snø og kulde, blir det stille på ein heilt eigen måte. Landskapet blir kvitt, månen lyser opp alt, og stjernehimmelen gjer det enda litt meir spesielt. Nokre kveldar har me til og med fått nyte nordlyset – for eit naturfenomen….

Folgå i vinterdrakt
Nordlyset
nordlyset
utsikt
utsikt frå Bjødlandsfolgå
tur til Fister dagsturhytte
Tur til Fister dagsturhytte

Og sjølv om det er kaldt, går det fint an å vere ute med litt ekstra ull og varme klær. Turar til Ritlandskrateret, dagsturhytta på Fister, stølen vår Subbeli eller gapahuken på Bjødnabu gir gode vinteropplevingar. Med bål, varm drikke og god tid blir det mykje utekos. 

Men dei dagane vinden tek skikkeleg i, slik han gjorde nokre gonger i januar, er det aller best å vere inne. Fyr i peisen, noko varmt i koppen og roleg arbeid inne – for det er alltid nok å ta tak i på datamaskina. 

Lily in Subbeli
Lily, wwoofer på Subbeli

I januar fekk me besøk av Lily frå Tyskland. Lily kom som wwoofer. Det handlar om kunnskaps- og kulturutveksling. Veldig kjekt at verda kjem til oss på Fossane gard.

No går me snart inn i februar, og då skal sauene lysast. Det er alltid spennande – kor mange lam blir det i år, og har vêrene gjort jobben sin?

Mons, pus
Mons foran vedovnen

Dette er vinter på Fossane gard. Kald, ja – men veldig fint. Kler du deg godt, er vinteren ei av dei finaste årstidene her.

Merk: Me har truger og isbroddar til utleige, slik at det er enklare å ferdast trygt i vinterlandskapet.

Takk for at du las med.
Me deler nye tankar og små glimt frå Fossane gard igjen mot slutten av neste månad.

— Janneke/ Fossane gard

Les meir om utleigehusa våre her → https://fossane.no/overnatting/
Følg oss gjerne på Instagram og Facebook

Translate