Hopp til innholdet
Mons, pus

Februar på Fossane gard- ro og spenning i fjoset

Februar starta med lysing av sauene, og det er alltid ei tid med litt ekstra spenning. I år var eg litt spent, sidan vi hadde litt trøbbel med vêrene i haust. Men heldigvis gjekk det ganske bra. Nokre av sauene er tomme, dei fleste får eitt eller to lam, eit par får trillinger og éi ventar firlingar. Det synest vi ikkje er så kjekt, men slikt kan vi ikkje styre. Vi får gjere så godt vi kan og krysse fingrane for at det går bra.

Totalt ventar vi no 47 lam frå 23 sauer, og lamminga begynner etter påske, 12. april. Også i år skal eg få hjelp – og mental støtte – frå kjære og nære. Det set eg stor pris på, og eg gler meg. Lamminga er ei travel, men veldig fin tid. Med 23 sauer er det heldigvis nokså oversiktleg.

 

I januar og februar hadde vi òg besøk av Lily, ei ung dame frå Tyskland som kom til oss som wwoofer (wwoofnorway.org). Det er ei fin ordning der man hjelper til på garden mot kost og losji – det handlar om kunnskaps- og kulturutveksling. Det var første gong eg sa ja til wwoofer om vinteren. Tross kulden fekk vi gjort mykje. Det er alltid kjekt å vere to – ting blir meir overkomelege, enklare og rett og slett trivelegare.

Vi hogg ved og rydda nokre trær – både dei som hadde velta og nokre som burde takast ned. Dessverre fekk vi ikkje brent kvist og greiner slik vi hadde tenkt, sidan det har vore uvanleg tørt. Vêret denne vinteren har vore litt spesielt. Mange kuldegrader, men lite snø – dessverre.

 

Frå vinterferie ser vi at folk byrjar å røre på seg igjen. Det tikkar inn bookingar, og folk frå regionen kjem hit for ei roleg og avslappande helg. Det er kjekt å sjå at folk søkjer avkopling, natur og dei enkle stundene her på garden.

No er det snart mars. Vi merkar tydeleg at dagane blir lengre. Sauene veks seg større for kvar dag, og det nærmar seg klypping igjen. Då får vi ny ull – ein fantastisk råvare. Eg har laga eit par sitjeunderlag av den ulla vi ikkje kan sende. For eit materiale. Det bør brukast til noko fornuftig.

Det er ei fin tid no. Ro i fjøset, lysare dagar og forventning om det som kjem. Og for dei som tek turen hit, er det nett det dei møter på.

 

Lily på Jærstolen på Hjelmeland
Lily som jobber på souveniren sin.
Vi satt opp stilaset igjen for Jonsenhuset, her blir det skraping.

Takk for at du las med.
Me deler nye tankar og små glimt frå Fossane gard igjen mot slutten av neste månad.

— Janneke/ Fossane gard

Les meir om utleigehusa våre her → https://fossane.no/overnatting/
Følg oss gjerne på Instagram og Facebook

Translate